
Ein screenshot av kva eg har gjort, driv å lærer programmet QuarkXpress, så har berre satt inn litt ymse!
Dag 1: Eg kom på Sogn avis og spurde kvar grafisk avdeling låg. Eg fekk guiding og gjekk straks mot arbeid. Når eg hadde gått opp ei trapp møtte eg på Jørn Njøs, som viste meg til plass der og skulle være og gav meg ei arbeids oppgåve. Denne oppgåva skulle gå over 2 dagar, eg skulle prøve ut forskjellige ting i eit programm som heitte QuarkXpress. Her skulle eg sette inn forskjellige bilde og prøve forskjelligt verktøy. Her bruker eg både tekst og bilde og ein kombo av begge to. Og eg brukar min gode venn photoshop støtt og stadig ;) Dette satt eg med heile dagen. Noko som var ganske kjekt men på slutten av dagen vart eg litt lei.
Eg fekk raskt beskjed om at på dag 3 skulle eg flytte arbeidsplass og få ei ny arbeidsoppgåve.
Då eg kom vart eg sjokkert, det var masse kjent folk som jobba der og dei eg ikkje kjende var hygglege.
Dag 2:
Dag to kom over meg, og eg satte fart mot arbeidsplasssen. Då eg kom der var det ingen folk på "kontoret mitt". Eg satte meg ned og tok fatt i det eg byrja på igår. Etter ei stund kom det no litt folk her og der. Eg satt med samme arbiedsoppgåve som igår,som var å bli kjend med programmet QuarkXpress. Noko som etterkvert blei ein smule kjedleg.Eg satte bilde og tekst inn og jore ein del av det samme som igår. Men idag prøvde eg penntool igjen, var litt skeptisk til bruken av den men fekk det sånn någelunde til. Eg satt no å putla på med mitt og då var klokka der, og eg satte ferden innover mot Songdal. Fekk vite at eg skulle verte ein meir intresang dag på onsag, alstå dag 3:)
Dag 3:

Utkast til ei annonse for DOMUS
I dag kom eg på jobb og vart tilvist ein anna plass enn måndag og tysdag. Idag skulle eg prøve meg på annonse. Eg fekk eit ark der det sto litt forskjellige detaljar og kva som skulle være med i annonsa og eit bilde. etter litt tenking kom eg jo igang, og laga utkast nr.1 som ikkje vart så altfor bra, så kom utkast nr.2(viser til bilde over). Etter eg var ferdig såg Eli hjeltnes over arbeide mitt. Ho var både fornøgd og misfornøgd, ho ville ikkje ha annonsa på den måten men likte iden. Så etter eg hadde blitt ferdi me annonse greiene, tok eg meg ein matpause. Etter det vart det litt ymse jobbing men etter litt fekk eg i oppdrag å rette nokre avis sider. Det trudde eg kom til å bli kjedleg, men det var egentleg heilt ok:)


Bilda ovanfor skildrar dagen min!
Dag 4:
Idag komm eg på jobb og fekk beskjed at det nesten ikkje var noko å jere pga er ikkje avis dag på fredagar. Så eg fekk beskjed om å sette meg ned på nette å slappe av litt til dei fant noko til meg å gjere. Etter litt forflytta eg meg til ein annan data der photoshop var. Her satt eg og slappa av og tenga/russa litt. Når det hadde gått ei tid og klokka var omlag 12.00 fekk eg oppgåve å lage ei annonse for kjerringi open, som du ser på bilete ovanfor er det første utkast, eg leverte det inn og dei som hadde med annonsa å gjere retta den slik den ville ha, og ga den tilbake til meg slik at eg kunne gjere dei endringane dei hadde bestemt. Til dette brukte eg eit program som heitte QuarkXpress. Etter litt om og men vart eg ferdig og fekk eit nytt oppdrag heilt på slutten av dagen, eg skulle sette inn nokon nye biletet i ei litt eldre annonse og skifte litt på design og skirft. Dette skulle eg gjere "dag 5" og. Så eg vart nok ikkje ferdig. Når klokka var 3 reiste eg heim!

Dag 5: Eg kom påjobb og gjekk rett til arbeidsplassen min. Eg fekk jobben med å laga ei annonse for Domus øvre årdal kle og sko. Her skulle eg sette inn forskjellige bilete og tekst og laga ei annonse som tydleg viste kva produktet skulle selje og pris på ein oversiktleg måte. Etter ein del prøving og feiling fekk eg eit resultat som eg leverde ned til Håkon Nesse. Han var ikkje heilt nøgd og eg gjorde forandringane han krevde. Etter ei stund vart eg ferdig, men då klikka programme eg satt i. då vart eg frustrert men gjorde oppigjen det tapte arbeidet. Eg leverde frå meg arbeide og reiste frå jobben klokka 3.
2 kommentarer:
Flotte greier, høres ut som du er godt i gang! Hva jobbet du med spesifikt?
Hvordan satte du bilder og tekst sammen? Kan du ta noen screenshots og publisere her?
Det høres ut som om du har jobbet med litt av hvert! HVa har vært gøyest? Hva har vært vanskeligst? Hva har du lært mest av?
Legg inn en kommentar